|
|
||||||||||||||||||||
|
Ambulansetenesta
Aktiv Omsorg er drivar av ambulansetenester på Sunnmøre
Akuttsituasjonar, behandling og transport av sjuke og skadde pasientar er krevande. For både legfolk og profesjonsutøvarar er innsikt og handlekraft nødvendig i møte med pasienten. Aktiv Omsorg legg stor vekt på at våre tenester held ein høg fagleg kvalitet, der pasienten står i fokus. Vi ønskjer å yte best mogeleg service. For å kunne klare dette har vi innført eigen personalplan for intern kompetanseheving. Vi har interne øvingar to gongar pr. måned, der vi trenar på rutiner og ulike scenarie.
Kvalitetsikring
Aktiv Omsorg har eige internt kvalitetssikringssystem, som kjem i tillegg til dei sentrale føringane frå Helse Sunnmøre HF
Organisering
Reaksjonstid er den tida det tek frå ambulansepersonellet mottek melding om oppdrag, til begge to er i bilen, klare til utrykning. Våre krav til reaksjonstid ved eit akuttoppdrag er 2 minutt på dagtid, samt 5 min på kveld. Dette er fastsett av Helse Sunnmøre HF.
Dei ulike distrikta har sentral lokalisering med moderne lokale. |
|||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||