Check if cookies is enabled
Storehølvegen 14, 6065 Ulsteinvik | Telefon: 70013111 | Fax: 70013112 | Mobil: 99509355 | Epost:
Meny

"En kamp for livet og mot klokka"

HJERTESTARTER KAN REDDE FLEIRE TUSEN NORDMENN

 

Om lag 6000-8000 personar vert årleg ramma av brå og uventa hjertestans.

Ved at ein plasserer ut, og lærer opp personar i bruk av hjertestartar, kan resultatet verte at så mange som kvar fjerde pasient overlever utan varige mein.

 

Vi kjenner alle ein som har fått hjerteinfarkt. Visste du at 1/3 av dei som får hjerteinfarkt får hjertestans?

Får få år sidan døde alle som fekk hjertestans. i dag kan vi redde kanskje så mange som halvparten hvis den lokale beredskapen er på topp.

 

For å få eit hjertet i gang att, må du restarte hjertet med eit straumstøt gjennom brystet. men ein må handle raskt. For kvart minutt som går minkar sjansen til å overleve med 5 - 10 prosent.

 

Hjerte- lunge-redning (HLR) er også avgjerande for det endelege utfallet. Dersom ein startar med HLR

straks ein pasient fell om, vil sjansen for å overleve verte meir enn dobbla.

 

Alt for mange døyr i ung alder, av di vi ikkje har utnytta det som er mulig for å kunne redde dei. 

Det må verte regelen og ikkje unntaket at det kan finnast nokon på staden, som forstår situasjonen,

startar HLR, skaffar hjelp og syter for tidleg elektrosjokk.


 

Aktiv Omsorg tilbyr følgjande kurs

 

Norsk Grunnkurs i bruk av halvautomatisk hjertestartar (DHLR)

 

Kurset går over 5 timar og sertifiserer deltakarane til å kunne bruke halvautomatisk hjertestartar (AED), og er av Statens Helsetilsyn lagt til grunn som godkjent opplæring.

Det blir utstett signert kursbevis og delegeringsbevis frå lege. Dette er gyldig i 2 år.

Kurset har stort innhald av praktisk trening og relativt korte teoretiske økter.

 

Våre instruktører er sertifisert av Norsk Resucitasjonsråd for å kunne holde dette kurset.

 

Kurset inneheld følgjande emner:

 

  • Kjeda som reddar liv
  • Hjertestartaren
  • HLR (praktisk test).
  • indikasjon for bruk av hjertestartar
  • Praktiske øvelsar (case oppgåver)
  • Bruk av hjertestartar (praktisk test)
  • Fysiologi ved hjertestans
  • Sikkerheit for pasient og førstehjelpar
  • Vedlikehold
  • Etikk og juridiske spørsmål
  • Rapporteringsrutiner.

 

Forkunnskaper: Kurs i hjerte - lunge - redning (HLR) i løpet av siste 6 måneder.

For dei som har behov for repetering i basal HLR kan vi arrangere dette i forkant av kurset.

 

Pris: På forespørsel               Maks antal personar: 10 stk pr instruktør

 

For meir informasjon ta kontakt på mail eller telefon.


 

Norsk grunnkurs i avansert hjerte-lungeredning (AHLR)

 

Dette kurset er tiltenkt personell, som er involvert i prehospital eller intrahospital

hjertestans. Du lærer å behandle hjertestans med defibrillering, hjerte-lungeredning(HLR)

og medikament etter retningslinjer frå Norsk Resucitasjonsråd.

 

Fra før skal du kunne utføre basal hjerte-lungeredning etter gjeldande retningslinjer.

Derfor bør du ha deltatt i eit HLR kurs, som er godkjent av

Norsk Resucitasjonsråd i løpet av dei siste 6 månedane.

 

Alle deltakerene bør på forhånd kunnne legge inn ei IV-kanyle.

Endotrakeal intubasjon, som kan inngå i scenarietreninga

i dette AHLR kurset, skal kun praktiserast av dei som tidlegare har

spesiell opplæring og erfaring i intubasjon, i det vesentlige

anestesipersonell og ambulansepersonell med spesiell opplæring.

 

Etter avslutta kurs vil du få eit signert kursbevis.

 

Pris og meir informasjon på forespørsel.   Maks antal personar: 6 stk pr instruktør 

 

Ta kontakt På mail eller på telefon.