|
|
||||||||||||||||||||
|
KursoversiktGenerell info
Aktiv Omsorg tilbyr ulike kurs i førstehjelp, internt i bedriftene, men også enkelte åpne kurs (sjå eigen kursplan i menyen til venstre). På denne sida presenterer vi våre standard kurs.
I tillegg til desse tilbyr Aktiv Omsorg kurs som er spesielt tilrettelagt for den enkelte oppdragsgivar, i høve til risikoområde og eigenart. Vanlegvis går desse kursa over 3 timar (1/2 dag) eller 6 timar (heil dag), og kan haldast også på kveldstid. Desse kursa set vi opp i samarbeid med kunden.
Alle våre førstehjelpskurs er basert på gjeldande retningslinjer frå Norsk Førstehjelpsråd og Norsk Resucitasjonsråd. Aktiv Omsorg legg stor vekt på bruk av praktiske øvelsar og relevante case-oppgaver, samt at produktet skal halde ein høg kvalitet, både fagleg og pedagogisk. Våre instruktørar er godkjente av NRR.
VÅRE STANDARD KURS Norsk Grunnkurs i førstehjelp
Kurset er utvikla av Norsk Førstehjelpsråd, og tek føre seg livreddande førstehjelp. Lengda på kurset er på minimum 5 timar, med mogelgheit for ein 6 time med valgfritt tilleggsemne.
Filosofien til Norsk Førstehjelpsråd er at ein lærer meir av det ein gjer, enn av det ein høyrer om. Kurset bygger på problembasert løysing som læremetodikk, slik at det er lagt stor vekt på praktiske øvingar, både innandørs, og delvis ute. Antal plassar per kurs er maksimalt 15.
Kurset tek føre seg følgjande tema:
Pris på forespørsel Antal plassar: 15 Personar maks. Tid: 5 timar (+1 time)
Avansert førstehjelp
1.Norsk grunnkurs i bruk av halvautomatisk hjertestarter
2.Norsk grunnkurs i avansert hjerte-lungeredning
KLIKK HER for meir informasjon.
12 timars kurs i førstehjelp
Dette kurset er basert på retningslinjene frå Næringslivets Sikkerhetsorganisasjon NSO. Samtidig følger kurset norsk førstehjelpsråd sine retningslinjer og anbefalingar.
Dette kurset egnar seg for førstehjelpsansvarlige i bedrifter, industrivern, vektarar og liknande. Det vert også her lagt stor vekt på praktiske øvingar.
Kurset tek føre seg følgjande tema:
Pris på forespørsel. Antal plassar: 15 personar maks Tid: 12 timar
30 timars kurs i førstehjelp
Kurset er basert på Norsk Førstehjelpsråd si bok Førstehjelp utgitt på Gyldendal forlag Boka tek hand om dei siste retningslinjer og prosedyrar innan førstehjelp.
Dette kurset tek deltakarane opp på eit kvalifisert nivå i førstehjelp, og det er tiltenkt personar med særskilt behov for kompetanse, Industrivern, og sanitetsgrupper.
Kurset tek føre seg følgjande tema:
- Skadestad - Vurdering av skadde - Hovud-, nakke- og ryggskader
- Bryst- og bukskader - Buddskader - Sårskader, blødningar - Termiske skader
- Undersøkelse av pasient - Akutt hjertesjukdom - Kramper - Diabetes - Astma/allergi - Hjerneslag
Pris på forespørsel Antal: 15 personar maks Tid: 30 timar
|
|||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||